Renta opp på studielånet

Den flytande renta på studielån frå 1. oktober 2007 blir 5,3 prosent. Det er ei auke på 0,4 prosentpoeng.

På same tid i fjor var renta 3,8 prosent, det vil seie at vi har hatt ei auke på 1,5 prosentpoeng i løpet av eit år.  

Fast rente

Kundane til Lånekassen kan søkje om å binde renta i ein periode på tre eller fem år. Fastrenta er for tida 5,8 prosent både for tre og fem års bindingstid. I overkant av 300 000 tilbakebetalarar kan binde renta innan søknadsfristen 10. juli.

I underkant av 1 300 tilbakebetalarar batt renta ved førre søknadsfrist, som var 10. april. Rundt 30 000 batt renta ved fristen 10. januar.

Lånekassen gir ikkje råd

– Lånekassen gir ikkje råd i valet mellom fast og flytande rente, seier informasjonssjef Wenche Merli. Fordelen med fast rente er betre oversikt og ulempa kan vere å gå glipp av ein eventuell rentenedgang.

Dei som ønskjer fast rente, kan søkje via Dine sider på www.lanekassen.no eller Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfristen er 10. juli. Dei som ikkje søkjer om fast rente innan fristen, held automatisk fram med flytande rente. Sjå oppdatert renteinformasjon på www.lanekassen.no/rentesatsar.