Fastrenta på studielånet går opp

Frå 1. juli blir renta ved tre og fem års bindingstid 5,8 prosent. Dette er ei auke på høvesvis 0,2 og 0,3 prosentpoeng frå 1. april.

Den flytande renta frå 1. juli er 4,9 prosent. Dersom renta held seg på dagens nivå, tyder prognosane på at den går opp til 5,3 prosent frå 1. oktober 2007. Den flytande renta for fjerde kvartal i 2007 blir endeleg bestemt 1. juli. Det kan difor vere lurt å vente til denne datoen med å bestemme seg for rentebinding eller ikkje. Då er grunnlaget for valet betre.

Lånekassen sine kundar kan søkje om fast rente kvar tredje månad. Søknadsfristen er den 10. i den månaden du søkjer fast rente frå. Når fastrenteperioden er ferdig går du automatisk over til flytande rente.

Om lag 1 500 av Lånekassen sine kundar batt renta ved søknadsfristen 10. april. Av desse valde ca. ein tredel å binde for tre år og to tredelar fem år. Rundt 300 000 kundar kan no velje fast rente.

Lånekassen gir ikkje råd
– Lånekassen gir ikkje råd i valet mellom fast og flytande rente, seier informasjonssjef Wenche Merli. Fordelen med fast rente er at du har betre oversikt over økonomien. Ulempa kan vere at du går glipp av ein eventuell rentenedgang.

Slik søkjer du
Dei som vil ha fast rente, kan søkje via Dine sider eller via Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfrist er 10. juli 2007. Dei som ikkje aktivt vel fast rente innan fristen, held fram med flytande rente.

 Sjå fullstendig oversikt over renteutviklinga på www.lanekassen.no/rentesatsar