Fastrenta på studielån går ned
Frå 1. april blir renta ved tre års bindingstid 4,2 prosent og 4,4 prosent for fem år. Dette er ein nedgang på henholdsvis 0,1 og 0,2 prosentpoeng frå 1. januar.
Den flytande renta frå 1. april er 3,3 prosent. Dersom renta held seg på dagens nivå, tyder prognosene på at den blir ståande frå 1. juli. Den flytande renta for tredje kvartal i 2006 blir fastsatt 1. april. Det kan difor vere lurt å vente med å binde renta til denne datoen, for å få eit bedre grunnlag for valet.
Lånekassen sine kundar kan søkje om fast rente kvar tredje månad. Søknadsfristen er den 10. i den månaden du søkjer fast rente frå. Når fastrenteperioden er ferdig går du automatisk over til flytande rente.
Få valde fast rente i januar
Berre 1 000 valde å binde renta frå 1.januar. Over 200 000 av Lånekassen sine kundar har no mogeligheit til å velje fast rente.
Kundane først og fremst må vurdere sin eigen økonomi når de skal velje mellom fast og flytande rente. Fordelen med fast rente er at den gir mogelegheit til å planleggje sin personlige økonomi. Ulempa er å gå glipp av eventuelle rentenedgangar.
Søknadsfrist
Dei som vil ha fast rente, kan søkje via Dine sider eller via Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfrist er 10. april 2006. Dei som ikkje aktivt vel fast rente innan fristen, beheld flytande rente.
Her kan du sjå ei oversikt over rentesatsane i Lånekassen.