Renta på studielån svakt opp
Den flytande renta blir 3,4 prosent frå 1. juli 2006. Dette er ein oppgang på 0,1 prosentpoeng frå 1. april 2006.
Fastrenta frå 1. april er 4,2 prosent for tre år og 4,4 prosent for fem år. Fristen for å søkje om fast rente for neste periode er 10. april. Kundar i Lånekassen som har flytande rente, har moglegheit til å velje fast rente.
Følgjer marknaden
- Renta i Lånekassen følgjer renteutviklinga i marknaden, men medan ein bank kan velje når dei vil justere renta, er vi forplikta til å justere renta kvart kvartal, også når endringa er så lita som no, seier Wenche Merli, informasjonssjef i Lånekassen.
Fordelar og ulemper
Fordelene med fast rente er at du kan planleggje langsiktig, og at du unngår overraskingar i privatøkonomien. Ulempa er at du ikkje får glede av ein eventuell rentenedgang i marknaden.
De som ønskjer fast rente, kan søkje via Dine sider eller Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfristen er 10. april.
Dei som ikkje søkjer om fast rente innan fristen, beheld automatisk flytande rente.
Sjå oppdatert renteinformasjon.