Fastrenta på studielånet går opp

Frå 1. juli blir renta ved tre års bindingstid 4,6 prosent og for fem år 4,9 prosent. Dette er ein oppgang på høvesvis 0,4 og 0,5 prosentpoeng frå 1. april.

Den flytande renta frå 1. juli er 3,4 prosent. Dersom renta held seg på dagens nivå, tyder prognosane på at den aukar til 3,7 prosent frå 1. oktober. Den flytende renta for fjerde kvartal i 2006 blir endelig bestemt 1. juli. Det kan difor vere lurt å vente til denne datoen, for å få eit betre grunnlag for valet.

Lånekassen sine kundar kan søkje om fast rente kvar tredje månad. Søknadsfristen er den 10. i den månaden du søkjer fast rente frå. Når fastrenteperioden er ferdig går du automatisk over til flytande rente.

Få valde fast rente i april

1 500 av Lånekassen sine kundar valde å binde renta frå 1. april. Over 250 000 kundar har no moglegheita til å velje fast rente.

Dei som vil ha fast rente, kan søkje via Dine sider på www.lanekassen.no eller via Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfrist er 10. juli 2006. Dei som ikkje aktivt vel fast rente innan fristen, beheld flytende rente.