Ny tjeneste på Dine sider
No vil alle kundar som er i tilbakebetalingsfasen kunne sjå nedbetalingsplanen sin på Dine sider. Samtidig byttar vi server, slik at Dine sider no får mykje bedre kapasitet.
Nedbetalingsplanen gir ei simulert oversikt over alle terminane i nedbetalingsperioden. Nedbetalingsplanen tek utgangspunkt i dagens rentesats og vil difor ikkje kunne vise nøyaktig kor mykje kundane må betale tilbake. Dei vil likevel få eit godt bilete av korleis nedbetalinga blir.
Det blir ikkje lenger muleg å bestille nedbetalingsplan på papir, men den kan når som helst skrivast ut frå Dine sider.
Slik ser sida ut

Sida gir blant anna ei oversikt over
- Lånebeløp
- Renter å betale totalt
- Gebyr å betale totalt
- Dato for innfriing
- Antall terminar
- Rentesats
- Ny rentesats
- Dato for ny rentesats