Populær konkurranse
Over 13 500 deltok i Lånekassen sin konkurranse der premien var tre gavekort på pensumbøker til ein verdi av 5 000 kroner.

For å delta i konkurransen, måtte deltakerane levere nettsøknad før 1. juli og gi ei grunngjeving for kvifor dei fortente å vinne pensumbøkene. Det var mange gode og varierte grunngjevingar, og vi har valt ut tre personar vi meiner har gjort seg fortent til ei lita påskjønning.
Vinnerane er:
Susanne Stone, Spydeberg
Ellen Christine Svidal, Vassenden
Ingvild Rydningen, Alta
Vi takker for alle bidraga og ønskjer alle som deltok lykke til med studilivet!
Mange nettsøknader
Lånekassen har satt ny rekord for antall nettsøknader før 1. juli – heile 64 000 nettsøknader ble sendt inn frå www.lanekassen.no. Dette er ei auke på over 45 prosent frå året før.
Konkurransen om å vinne pensum var eit av mange tiltak i ein kampanje for å få studentane over på nettsøknaden og å få inn flest muleg søknader tidlegast muleg. Fleire nettsøknader og tidleg innkomst gjer at behandlingstida til Lånekassen blir kortare og at studentane får pengane sine tidligare.