Støtte til skolepengar også når du er forseinka
Studentar i utlandet som har blitt forseinka i utdanninga, kan no få støtte til skolepengar.
I eit møte i Lånekassen si klagenemnd i september 2006 blei det fatta eit vedtak som fører til at Lånekassen generelt kan gi lån til skolepengar når studenten er forseinka i utdanning utanfor Norden også i 2006-2007.
Har du allereie søkt støtte til ei utdanning i utlandet for 2006-2007 og ikkje fått støtte til skolepengar fordi du er forseinka i utdanninga, vil Lånekassen behandle søknaden din på nytt uten at du treng å be om det.
Dersom du ikkje har fått brev frå Lånekassen innan uke 43, ber vi deg sende brev eller faks med stadfesting frå lærestaden på kor mykje du skal betale i skolepengar for 2006-2007.
Stipend til dekning av skolepengar kan du berre få i normert studietid.