Renta på studielån på veg opp

Den flytande renta blir 4,0 prosent frå 1. januar 2007. Dette er ein oppgang på 0,2 prosentpoeng frå 1. oktober 2006.

Fastrenta frå 1. oktober 2006 er 4,9 % for tre års bindingstid og 5,0 % for fem år. Kundar i Lånekassen som har flytande rente har muligheit til å velje fast rente.

Følgjer marknaden

- Renta i Lånekassen følgjer marknadsrenta, og no har den flytande renta på studielån vore stigande i heile 2006 etter å ha ligge stabilt låg i 2005, seier informasjonsrådgivar i Lånekassen, Solbjørg Sørensen. Den nye satsen for den flytende renta er ein oppgang på 1,2 prosentpoeng sidan fjerde kvartal 2005.

Fordelar og ulemper

Fordelane med fast rente er at du kan planleggje langsiktig, og at du unngår overraskingar i privatøkonomien. Ulempa er at du ikkje får glede av ein eventuell rentenedgang i marknaden.

Dei som ønskjer fast rente, kan søkje via Dine sider eller Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfristen er 10. oktober. Dei som ikkje søkjer om fast rente innan fristen, held automatisk fram med flytende rente. Sjå oppdatert renteinformasjon.