Forslaget til statsbudsjett: prisjustering og læremiddelstipend
Forslaget til statsbudsjett inneheld små endringar når det gjeld Lånekassen sine støtteordningar. Regjeringa foreslår at satsane aukar i tråd med konsumprisindeksen, det vil seie med 1,75 %. Basisstøtta for studentane vil dermed bli på kr 82 900 for eit studieår.
Regjeringa foreslår også eit læremiddelstipend for elevar i vidaregåande skole. Medan fylkeskommunane er ansvarlege for at elevane får naudsynte trykte og digitale læremidlar, vil det i tillegg bli innført eit ikkje-behovsprøvd stipend gjennom Lånekassen. Dette skal vere med på å dekkje elevane sine kostnader til andre læremidlar og naudsynt individuelt utstyr. Det kan for eksempel vere klede til yrkesfag, idrettsutstyr eller kalkulator.
Stipendet blir gitt med tre ulike satsar; kr 800, kr 1 800 og kr 2 600 pr år, avhengig av studieprogram. Det vil bli ei gradvis innføring, først vidaregåande trinn 2, året etter trinn 3 og deretter trinn 1.
| Utdanningsprogram |
Sats per år |
| Studiespesialisering |
800 kroner |
| Musikk, dans og drama |
800 kroner |
| Elektrofag |
800 kroner |
| Helse- og sosialfag |
800 kroner |
| Medium og kommunikasjon |
800 kroner |
| Service og samferdsel |
800 kroner |
| Bygg- og anleggsteknikk |
1 800 kroner |
| Naturbruk |
1 800 kroner |
| Teknikk og industriell produksjon |
1 800 kroner |
| Idrettsfag |
2 600 kroner |
| Design og handverk |
2 600 kroner |
| Restaurant- og matfag |
2 600 kroner |