Færre får kutt i stipendet
Nærare 38 000 studentar får i desse dagar melding om at heile eller deler av stipendet er omgjort til lån.
Studentane har hatt inntekt, formue eller trygd over Lånekassen sine grenser for å få halde fram med fullt stipend.
Det er 5000 færre som får kutt i stipendet no i forhold til i fjor. Medan det no er ein av fem stipendmottakarar som får kutt, var det i fjor nesten ein av fire.
- Hovudårsaka til at færre fikk kutt i stipendet denne gangen, er truleg at studentane har betre kunnskap om grensene for å få halde på fullt stipend, seier informasjonssjef i Lånekassen Wenche Merli.
Omgjeringa bygger på tal frå likninga for 2005.
Sjølv om færre får omgjort stipend ti lån, ser vi at fleire rike studentar søkjer om og får studielån. Heile 990 studentar hadde formue på over ein million i 2005. Talet for 2004 var 575 studentar. 17 hadde ei inntekt på over ein million, mens 15 hadde så høg inntekt i 2004.
Den studenten som hadde tent mest i 2005, kunne vise til ei inntekt på 5,6 millionar kroner. Den høgaste registrerte formuen var på 177 millionar kroner.
Grensene for å halde på fullt stipend i 2005
- 108 680 i inntekt
- 58 150 i trygd
- 215 000 i formue for einsleg student
- 413 000 i formue for gift student