Fastrenta på studielånet går opp ved nyttår

Frå 1. januar blir renta ved tre års bindingstid 5,0 prosent og for fem år 5,1 prosent. Det er ei auke på høvesvis 0,1 prosentpoeng frå 1. oktober.

Den flytande renta frå 1. januar er 4,0 prosent. Dersom renta held seg på dagens nivå, tyder prognosane på at den auker til 4,4 prosent frå 1. april 2007. Den flytande renta for andre kvartal i 2007 blir endeleg bestemt 1. januar. Det kan derfor vere lurt å vente til denne datoen med å bestemme seg for rentebinding eller ikkje. Då er grunnlaget for valet betre.

Lånekassen sine kundar kan søkje om fast rente kvar tredje månad. Søknadsfristen er den 10. i den månaden du søkjer fast rente frå. Når fastrenteperioden er ferdig går du automatisk over til flytande rente.

Rundt 250 000 kundar kan no velje fast rente.

Dei som vil ha fast rente, kan søkje via Dine sider eller via Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfrist er 10. januar 2007. Dei som ikkje aktivt vele fast rente innan fristen, held fram med flytende rente.

Sjå fullstendig oversikt over renteutviklinga.