Den flytande renta auker
Den flytande renta på studielån frå 1. april 2007 blir 4,4 prosent. Det er ei auke på 0,4 prosentpoeng.
Etter ein periode med relativt lave satsar har den flytande renta på studielån gått opp med over 1,5 prosentpoeng sidan siste kvartal i 2005. – Med utgangspunkt i dagens rentepolitikk, verker det sannsynleg at renta på studielån vil halde fram med å stige, seier informasjonssjef i Lånekassen, Wenche Merli.
Lånekassen sine kundar kan søkje om å binde renta i ein periode på tre eller fem år. Neste søknadsfrist er 10. januar. Fastrenta er for tida 5 prosent for tre års bindingstid og 5,1 prosent for fem år.
Dei som ønskjer fast rente, kan søkje via Dine sider eller Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfristen er 10. januar. Dei som ikkje søkjer om fast rente innan fristen, held automatisk fram med flytende rente. Sjå oppdatert renteinformasjon.