Nye adressereglar
Frå og med i dag handterer Lånekassen adresser på ein ny måte. Kva betyr det for deg?
All post til siste registrerte adresse
Frå no av sender Lånekassen brev og informasjon til den siste registrerte adressa di, uavhengig av om den er folkeregistrert eller ikkje.
Unntak: PIN-kodebrevet til siste stadfesta adresse
PIN-kodebrevet blir ikkje sendt til den siste registrerte adressa, men til den siste adressa som er stadfesta. PIN-koden bruker du til å logge deg inn på Dine sider for å få personleg informasjon. For å sikre at uvedkommande ikkje skal kunne få opplysningar om lånet ditt, sender Lånekassen PIN-kodebrevet til den siste stadfesta adressa. Med ei stadfesta adresse meiner vi:
- folkeregistrert bustadadresse
- postadresse registrert i folkeregisteret
- postadresse registrert/stadfesta av deg sjølv på Dine sider
- postadresse registrert av Lånekassen på bakgrunn av signert brev frå deg
I ein overgangsperiode finn du også PIN-koden på terminvarselet, men koden vil bli fjerna frå varselet frå og med forfallet i august.
Registrér mobilnummeret ditt
Gløymer du koden din, kan du få den tilsendt på SMS. Det er ein føresetnad at du tidlegare har registrert mobilnummeret ditt på Dine sider. Når du er inne på Dine sider, kan du også endre PIN-koden til ein du har lettare for å hugse.
Du kan sjekke og endre postadressa på Dine sider
På Dine sider kan du sjå kva adresse Lånekassen har registrert på deg. Det gjeld både folkeregistrert adresse og eventuell postadresse (som for eksempel hybeladresse). Du kan sjølv oppdatere postadressa på Dine sider. Det gjeld også for deg som er busett i utlandet.