Renta på studielån går opp
Den flytande renta på studielån frå 1. juli 2007 blir 4,9 prosent. Det er ein oppgang på 0,5 prosentpoeng.
Den flytande renta har med det gått opp med nesten eitt prosentpoeng sidan første kvartal i år og nærmare to prosentpoeng sidan første kvartal 2006.
Fast rente
Lånekassen sien kundar kan søkje om å binde renta i ein periode på tre eller fem år. Neste søknadsfrist er 10. april. Fastrenta er for tida 5,6 prosent for tre års bindingstid og 5,5 prosent for fem år.
Nærmare 30 000 av Lånekassen sine kundar batt renta ved førre søknadsfrist, som var 10. januar.
Lånekassen gir ikkje råd
– Lånekassen gir ikkje råd i valet mellom fast og flytende rente, seier informasjonssjef Wenche Merli. Fordelen med fast rente er betre oversikt og ulempa kan vere å gå glipp av ein eventuell rentenedgang.
Dei som ønskjer fast rente, kan søkje via Dine sider eller Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfristen er 10. april. Dei som ikkje søkjer om fast rente innan fristen, held automatisk fram med flytande rente.
Sjå oppdatert renteinformasjon.