Søk spanande jobb i Lånekassen!
Lånekassen har ein visjon om å bli oppfatta som den mest moderne offentlege etaten i Noreg. For å hjelpe oss med det, vil vi tilsetje nye dyktige og motiverte medarbeidarar.
Ønskjer du å jobbe med kommunikasjon i ulike kanalar, eller kanskje med regnskap? Akkurat nå er det lyst ut stillingar på desse områda.
Fleire prisar for nettstaden
Lånekassen har fått fleire prisar for nettstaden vår. Vi fekk prisen ”Årets statlige nettsted 2005” og ”Årets nettjeneste 2006”, kåra av norge.no og Kommunal Rapport. No vil vi bli enda betre gjennom blant anna å tilsetje ein kommunikasjonsrådgjevar som verkeleg kan webkommunikasjon.
Lånekassen arbeidar hardt for å gjera kundekommunikasjonen i alle kanalar best mogleg, slik at kundane får svar på det dei lurer på og føler seg trygge på svaret.
– Vår store utfordring er å kommunisere godt i brev, brosjyrar, kampanjar og på nettstaden slik at kundane slepp å ringe til oss, seier leiar for kundeinformasjon i Lånekassen, Solbjørg Sørensen. - Som dei fleste kjenner til, er det svært stor pågang på telefonen i periodar, og da får vi ikkje hjelpe alle, seier hun.
Sjanse til å utrette mykje
- Dette er interessante stillingar med variert og utfordrande arbeid, og den rette personen kan verkeleg få utretta mykje, seier Sørensen. Ho gler seg veldig til å få to nye personar i eininga si. I tillegg skal det tilsetjast ein medarbeidar på Lånekassen sitt regnskapskontor.
Gå til Ledige stillingar