Avsluttar du utdanninga di no?
Er du ein av omlag 70 000 studentar som avslutta utdanninga i vår eller som ennå ikkje har søkt om ny støtte til utdanning i haust?
Då fekk du eit informasjonsbrev i postkassen din på Dine sider i byrjinga av juni. I brevet fekk du mellom anna informasjon om fast rente frå 1. juli. Alle får brevet lagt ut i postkassen på Dine sider, men du får bare lest brevet på Dine sider dersom du samtykkjer til å motta brevet elektronisk.
Slik får du tilgang til brevet
- Logg inn på Dine sider med PIN-koden din.
Har du gløymt koden, bestiller du ny på SMS eller i brev.
- Gje samtykke til å motta brevet elektronisk.
Varsel på e-post eller SMS
Hvis du samtykkjer til å bli eKunde, sender vi deg melding på e-post eller SMS når du får nye brev i postkassen din. Samtykkje gjer du på Dine sider.
Logg deg inn på Dine sider nå!
Nyhet! Du kan også hente brev i postkassen ved å logge deg inn via Minside på noreg.no. Der bruker du koder frå skattekortet ditt for 2007.
Desse breva kan du lese i postkassen
Alle brev frå Lånekassen kan ikkje sendast til postkassen på Dine sider ennå, men vi arbeider med å leggje ut flest mogleg brev. Desse brev blir lagt ut i dag:
Ikkje ferdig med utdanninga?
Fortsetjer du utdanninga og søkjer om ny støtte frå Lånekassen, kan du sjå bort frå brevet du får. Har du allereie fått opptak til utdanninga du skal ta i haust, kan du søkje om støtte nå. Bruk nettsøknaden.