Utbetaling
Utbetaling av støtte til utdanning i utlandet skjer to gonger per undervisningsår, ein gong i byrjinga av kvart semester.
Vi sender gjeldsbrevet/stipendmeldinga til den norske adressa di dersom du ikkje signerer på nettet.
Lånekassen sender gjeldsbrevet til den sist registrete adressa di. Du skriv under og returnerer det til oss. Når vi får det i retur, set vi pengane inn på kontoen din. Vi tek til med å sende ut gjeldsbreva for våren i byrjinga av desember. På Dine sider finn du informasjon om kva for adresse vi har registrert på deg.
Elevar ved folkehøgskolar i Danmark vil frå og med hausten 2005 få sendt gjeldsbrevet/stipendmeldinga til adressa i Noreg.
Du må sjølv eige kontoen pengane skal overførast til
Lånekassen kontrollerer av identiteten din for å sikre at pengane går til rett person. Før vi betaler ut pengane til deg, sjekkar vi med skatteetaten at du står som eigar av kontonummeret du har oppgitt. Kontrollen skjer ved at vi får informasjon fra skatteetaten om kva kontoar som står registrerte på personnummeret ditt. Lånekassen betaler til ein av dei kontoene som står i dette registeret. Du kan velje mellom dei kontoane som står oppførte på deg på Dine sider eller på gjeldsbrevet.
Er du usikker på om Lånekassen har kontonummeret du vil bruke, kan du sjå på Dine sider om Lånekassen har registrert det kontonummeret.
Dersom kontonummeret ikkje kjem fram på Dine sider, må banken din sende inn ei stadfesting på kontoeigarskap. Stadfestinga må innehalde namnet ditt, fødselsnummeret og kontonummeret. Du kan bruke Blankett K. Blanketten må vere datert og underskriven/stempla av banken din. Vi godtek berre original stadfesting. Stadfestinga kan ikkje faksast.
Hugs på at du sjølv må skrive under på det originale gjeldsbrevet (underskrift etter fullmakt blir ikkje godteke) og sende det i retur til Lånekassen, før pengane kan bli overførte til den norske kontoen din. Gjeldsbrev som blir sende inn på faks, blir ikkje godtekne.