Dobbel støtte til studentar i Nederland
Studentar i Nederland har fått pengar frå Lånekassen til å dekkje skolepengar. Samtidig har dei fått pengar frå lånekassen i Nederland.
Om lag 130 norske studentar i Nederland som har fått støtte frå Lånekassen, har samtidig fått støtte frå IB Groep (den nederlandske lånekassen) til å dekkje skolepengar. Beløpet som har vore gitt, er om lag kr 6 500 per år. Samtidig har studentane ikkje opplyst til Lånekassen at dei får stipend frå andre til dekning av reise- og skolepengar. Studentar har plikt til å gi Lånekassen slik informasjon. Etter Lånekassen sine reglar kan dei ikkje få støtte frå to støtteordningar.
Det gjeld ca 130 norske studentar som tek ulike fagretningar innanfor høgare utdanning. Til saman studerte 520 norske studentar i Nederland i 2002-03.
Studentane har fått brev frå Lånekassen. Reaksjonane frå Lånekassen er at beløpet dei har fått for mykje, blir gjort om til lån, og at dei vil få avslag på søknad om støtte til skolepengar for neste år. Dei som har fått dobbel støtte for ein lengre periode, må i tillegg betale tilbake det dei har fått for mykje.
Til saman har studentane fått 1,6 mill kroner for mykje.