Nettsøknaden for 2004-2005 er klar
No kan studentar i Noreg og utlandet ta i bruk nettsøknaden for å søkje om stipend og lån.
Fleire elevar og studentar enn før kan bruke nettsøknaden
Tilbodet er utvida til å omfatte folkehøgskolar, bibelskolar, IT-skolar, tekniske fagskolar, kunstskolar og ulike private, yrkesretta utdanningar i tillegg til høgare utdanning. Elevar i vanleg vidaregåande opplæring kan ikkje bruke nettsøknaden.
No er det mogleg å leggje dokumentasjon ved nettsøknaden, og det opnar for at nye grupper kan søkje via nettet. Dette gjeld elevar og studentar som:
- tek til på utdanninga i utlandet til hausten
- skal ta eitt-årige utdanningar i utlandet, f.eks. master-grad eller folkehøgskole
- skal ta eit tilretteleggingssemester i utlandet før dei startar på gradsutdanninga
- skal ta ein del av den norske graden sin i utlandet (delstudentar)
- er utanlandsk statsborgar
Søkjaren får beskjed når han fyller ut nettsøknaden dersom han må leggje ved dokumentasjon. Har han ikkje dei nødvendige vedlegga tilgjengeleg i elektronisk format, kan han ettersende dei via nettstaden vår, via e-post eller i vanleg post.