17 000 har ikkje betalt mai-rekninga

Etter siste terminforfall er det rundt 17 000 kundar som ikkje har betalt rekninga.

Lånekassen sender i desse dagar ut brev til dei kundane som framleis ikkje har betalt terminen som forfall 15. mai. Det er i alt 17 615 kundar som vil få eit slikt brev. Det utgjer 4,7 prosent av dei som fekk rekning ved siste forfall. Andelen er om lag den same som for mai-terminen i fjor.

Betalingsproblem kan løysast

- Bodskapen vår er at betalingsproblem kan bli løyste dersom du berre tek kontakt med oss straks problema oppstår, seier fungerande direktør i Lånekassen, Magne Mevold.

Dersom du ikkje har fått svært mange utsetjingar tidlegare, kan du løyse eit mellombels betalingsproblem med å søkje om utsetjing med betalinga. Får du innvilga det, kan du framleis betale så mykje som du greier. Du kan søkje om betalingsutsetjing via Internett, eller skrive ut eit skjema (sjå høgre marg).

Dersom du framleis ikkje har betalt

Dei som framleis ikkje har betalt, og heller ikkje har søkt om å få utsett betalinga, må handle raskt. Elles blir lånet sagt opp, og tvangsinnkrevjing blir sett i gang.

Les meir om betalingsutsetjing

Gå til søknad om betalingsutsetjing via Internett