Fleire delstudentar i utlandet

Færre studentar tek heile utdanninga ute, fleire tek kortare studieopphald.

Talet på studentar som tek heile utdanninga ute, har flata ut etter mange år med vekst, men fleire tek kortare studieopphald i utlandet. Australia og Storbritannia er dei mest populære studielanda.

Skoleåret 2003-2004 var det 15 934 studentar som fekk stipend og lån til å ta heile utdanninga i utlandet. Dette er 70 færre enn året før. I same perioden var det 1219 fleire som ville ta eit kortare studieopphald i utlandet, frå 6 065 i 2002-2003 til 7 284 i 2003-2004. Samanlagt er det ein liten vekst i talet som studerer ute.

Vel land med kjent språk
Norske studentar vel land der språket eller kulturen er kjend, dvs. Skandinavia eller engelskspråklege land. Australia er framleis det mest populære studielandet, men talet på studentar her har minka litt. Studentane reiser i stadig større grad til Danmark og Sverige. Det er likevel teikn til at land med meir eksotiske språk, for eksempel Polen, Ungarn og land i Latin-Amerika, aukar i popularitet.

Det at fleire vel å ta ein del av utdanninga ute, er heilt i tråd med det styresmaktene ønskjer i samband med kvalitetsreforma. Det same er valet av andre land enn skandinaviske og engelskspråklege.

Mest populære fag og land
Merkantile fag (økonomifag) er framleis den mest populære fagretninga, men hadde siste året ein reduksjon i talet på studentar på fire prosent. Australia og Storbritannia er dei landa der flest studerer desse faga.

Teknologiske fag har hatt ein nedgang i talet på studentar på rundt ti prosent. Også for desse faga er det Australia og Storbritannia som er dei dominerande landa.

Det er svært populært å studere medisin i Polen og Ungarn. Her er om lag halvparten av dei vel to tusen medisinstudentane i utlandet. Tilstrøyminga til medisin har auka med fire prosent frå året før, og medisin er no det nest mest populære faget å ta i utlandet.

Talet på studentar som tek kunstfag, aukar framleis, og kunstfag ligg no på tredjeplass mellom dei mest populære faga. Humanistiske fag auka mest, og her var auken på i overkant av 12 prosent.
Talet på studentar som tek heile utdanninga ute, har flata ut etter mange år med vekst, men fleire tek kortare studieopphald i utlandet. Australia og Storbritannia er dei mest populære studielanda.

Ti-på-topp-lister for land og fag

Ti-på-topp-land for gradsstudium i utlandet* Ti-på-topp-fagområde for gradsstudium i utlandet*
Australia 3703 Merkantile fag 2839
Storbritannia 3322 Medisin 2008
Danmark 2247 Kunstfag 1504
USA 1116 Teknologi 1416
Sverige 1052 Mediefag 889
Ungarn 722 Samfunnsfag 887
Tyskland 534 Humanistiske fag 514
Frankrike 489 Sjukepleie 485
Polen 457 Psykologi 484
Nederland 416 Fysioterapi 476
Andre land 1876 Andre fag 4432
Sum studentar 15934 Sum studentar 15934

*) Fordelinga er litt ulik for dei 7284 studentane som tek berre ein del av utdanninga si i utlandet.