Lånekassen utkontrakterer oppgåver til BBS
Stortinget har vedteke at Lånekassen skal konsentrere seg om kjerneoppgåver. Det vil seie at mange oppgåver, mellom anna skanning av søknader, skal overlatast til andre.
Utkontrakteringa er eit ledd i moderniseringa av Lånekassen, der målet er betre kundeservice og ein meir effektiv organisasjon. Moderniseringsprogrammet for Lånekassen har fokus på utvikling av elektroniske løysingar for kundane.
Det er Bankenes BetalingsSentral (BBS) som skal overta Lånekassen sitt arbeid med skanning og tolking av papirsøknader.
- Kundane våre vil ikkje merke at skanninga skjer hos ein ekstern leverandør, men vi vonar dei vil merke at saksbehandlingstida går ned når eit meir effektivt system for skanning av søknader blir teke i bruk, seier fungerande direktør i Lånekassen, Magne Mevold.
- Avtalen er viktig for BBS, og viser at BBS kan utføre oppdrag som fører til effektivisering i bedrifter som Lånekassen. Løysinga er eit ledd i arbeidet vårt med å lagre og gjere tilgjengeleg papirbasert informasjon i elektroniske kanalar, seier administrerande direktør i BBS, Ola Forberg.
Lånekassen får kvart år ca. 200 000 papirsøknader, men det er venta at talet minkar, ettersom stadig fleire søkjer om stipend og lån via Internett. Avtalen med BBS omfattar også skanning av 600 000 gjeldsbrev per år.
Ved val av samarbeidspartnar la Lånekassen vekt på både løysing, gjennomføringsevne, tryggleik og pris. I periodar får Lånekassen inn svært store mengder av papirsøknader, og BBS har både lang og god erfaring med slike oppgåver.