Flytande rente litt opp frå januar 2005

Den flytande renta blir 2,9 prosent frå 1. januar 2005. Det er første gong på to år at den flytande renta i Lånekassen går opp.

Den flytande renta er i dag på 2,8 prosent og går opp til 2,9 frå 1. januar 2005. Fastrenta frå 1. oktober er 4,0 prosent for tre år og 4,6 for fem år. Fristen for å søkje om fast rente er 10. oktober.

Følgjer marknaden

Magne Mevold, fungerande direktør i Lånekassen, kan ikkje seie noko no om fastrentetilbodet frå 1. januar, sidan det er rentenivået på statsobligasjonar i november som avgjer det. Den faste renta fangar opp endringar i marknaden raskare enn den flytande renta gjer, og det kjem av måten renta i Lånekassen blir fastsett på. I byrjinga av desember går Lånekassen ut med det neste fastrentetilbodet.

 

- Renta i Lånekassen følgjer renteutviklinga i marknaden, men vi har eit tidsetterslep på den flytande renta. Renteendringar hos oss kjem alltid tre til seks månader etter privatbankane, seier Magne Mevold.

Vurder din eigen økonomi

Mevold ber kundane vurdere sin eigen økonomi når dei skal velje mellom fast og flytande rente. Han minner om at det viktigaste med fast rente er at ein ikkje blir overraska av auka kostnader. Dei som vil ha fast rente, kan søkje via Dine sider her på nettstaden eller Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfristen er 10. oktober 2004.

 

Dei som ikkje søkjer om fast rente innan fristen, får automatisk flytande rente.