Statsbudsjettet 2005 - utdanningsfinansiering
Her er UFD sine forslag til endringar i studiefinansieringa i 2005.
- Kostnadsnormen blir ikkje auka. Det blir dei same nominelle stipend- og lånebeløpa som i år, dvs. 80 000 (av dette inntil 32 000 i stipend for bortebuarar)
- For elevar og studentar, med unntak av unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring, foreslår departementet å avvikle reisestipendet for innlandsreiser og for reiser i Norden frå undervisningsåret 2005–06.
- Det maksimale ettergivingsbeløpet for låntakarar i Finnmark og Nord-Troms er foreslått auka frå 16 500 til 25 000 kroner (fortsatt ti prosent av opprinnelig lån).
- Forslag som gjeld unge elevar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring:
- Behovsprøving av grunn- og læremiddelstipendet mot eiga arbeidsinntekt er foreslått fjerna (Behovsprøving mot lærlingelønn blir ikkje endra)
- Behovsprøving av grunn- og læremiddelstipendet mot eigen og sambuar/ektefelle si formue er foreslått fjerna
- Frådraget i støtta blei tidlegare redusert dersom eleven hadde sysken i vidaregående opplæring. Denne ordninga er foreslått fjerna, men det skal framleis takast omsyn til om søkjaren har sysken
-Forsøksordningane med utveksling av enkeltelevar og klassar i vidaregåande opplæring i utlandet, blir gjorde permanente
- Retten til studiestøtte for hospitantar er foreslått fjerna (Om lag 100 studentar får slik støtte i dag, og det vil dei framleis få dersom skolen gir dei elevstatus)
- Retten til studiestøtte for deltakarar på AMO-kurs i regi av Aetat er foreslått fjerna
- Det er foreslått at Lånekassen ikkje lenger skal ta omsyn eventuelle stipend frå andre som studenten får til reiser i utlandet.
- Ordninga med at Lånekassen delfinansierer ei utdanning i utlandet som elles ikkje gir rett til støtte, dersom studenten får minst 30 prosent av kostnadane dekt av andre, er foreslått fjerna.
- Departementet foreslår at alle kvotestudentar i Ph.d.-program får støtte i tolv månader frå undervisningsåret 2005–06, ikkje berre dei som legg fram dokumentasjon.
Les heile avsnittet om utdanningsfinansiering her (programkategori 07.80)