Siste frist for å søkje om pengar
Vil du ha pengar i haust, må du søkje innan 15. november.
Skal du søkje om pengar til utdanning i haust, må søknaden vere motteken hos Lånekassen innan 15. november 2004. Søkjer du seinare, vil du berre kunne få pengar for vårsemesteret 2005.
Det finst eit unntak frå denne fristen:
For kurs i haustsemesteret som startar 1. oktober eller seinare, er fristen 15. mars 2005. Det er i alle fall eit krav at søknaden kjem inn før kurset er avslutta.
Slik søkjer du
Er du i vanleg vidaregåande opplæring, skal du normalt bruke papirblankett A, som du får på lærestaden eller bestiller frå Lånekassen. Les meir her
Er du i anna utdanning, kan du bruke nettsøknaden eller papirblankett B, som du får på skolen eller bestiller frå Lånekassen. Les meir her