Ti prosent har valt eFaktura
Av alle som får rekning frå Lånekassen i desse dagar, er det ti prosent som har valt å få elektronisk rekning.
Lånekassen sender i desse dagar ut litt over 370 000 terminvarsel (rekningar) med forfall 15. november 2004. Ti prosent av desse er eFaktura. Lånekassen vonar å doble denne delen for neste år.
Forskottsbetalarar slepp gebyr
Av dei 370 000 kundane som får rekning, er det 47 000, eller 13 prosent, som unngår gebyret på 35 kroner. Dei hadde allereie betalt terminbeløpet då terminvarselet blei sendt ut, og dei får derfor varselet gebyrfritt, til "frivillig bruk".
Det er i utgangspunktet same gebyr for eFaktura som for papirfaktura, men begge gruppene slepp altså gebyr dersom dei betaler på forskott.
Problem med å betale?
Det finst høve til å få utsett halve eller heile beløpet for dei som treng det. Det vil i dei fleste tilfella føre til at du bruker lengre tid på lånet, og dermed betaler du meir renter. Får du rentefritak samstundes, vil du ikkje få auka rentekostnader.
Les meir om betalingsutsetjing
Les meir om rentefritak