Utlandsstudentar kan tape stipend

Utlandsstudentar som ikkje sender inn vitnemål etter avslutta grad, kan gå glipp av stipend. Resultatet er høgare gjeld enn nødvendig.

Hausten 2002 blei den såkalla konverteringsordninga innført. Ordninga vil seie at utdanningsstipend blir utbetalt som lån først, og blir gjort om til stipend når eksamen er bestått.

Dei som tek utdanning i Noreg, treng ikkje sjølve å dokumentere beståtte eksamenar, det sender lærestadene til Lånekassen. Men studentar i utlandet må sjølve passe på å få sendt inn dokumentasjon, slik at dei får det stipendet dei har rett til. Dei som gløymer det, taper pengar.

Send inn resultata!
Lånekassen manglar resultat frå fleire hundre utlandsstudentar som tilsynelatande har avslutta utdanninga. Det er ikkje kjent om desse har gløymt å sende inn resultata, eller om dei faktisk ikkje har nokon resultat å vise til. Somme er kanskje framleis studentar, utan å søkje om pengar frå Lånekassen.

- Vi er svært opptekne av at studentane skal få det stipendet dei har krav på, seier informasjonssjef i Lånekassen, Wenche Merli.  - Vi sender derfor no ut eit "purrebrev" til dei som ikkje har reagert på tidlegare brev om dette. I brevet ber vi studentar som ikkje allereie har gjort det, om å sende inn kopi av vitnemål for fullført utdanning, seier Vestad. 

Vitnemål ved avslutta grad
Studentane i utlandet treng ikkje sende inn kopi av vitnemål før dei er ferdige med graden sin, dersom dei ikkje spesifikt får melding frå Lånekassen om å sende inn resultat før det (pga. forseinking osv.). Dei som tek ein grad som varer i fire år eller mindre, kan altså vente med å sende inn vitnemål til dei blir ferdige. Dei som tek ei lengre utdanning enn fire år, vil få eit eige brev undervegs, med melding om å sende inn vitnemål.