Støtte til bachelorgrad i utlandet
I somme land i Asia, Sør-Amerika og Afrika vil det snart bli slutt på støtte til det første året av bachelorgraden.
Frå og med undervisningsåret 2005-2006 vil det ikkje lenger bli gitt støtte til det første året av utdanning på bachelornivå i somme land i Asia, Sør-Amerika og Afrika. Årsaka er at Lånekassen berre kan gi støtte til utdanning som tilsvarer heile eller ein del av norsk høgare utdanning. I somme land er ikkje det første året i utdanninga på nivå med norsk høgare utdanning, sjølv om utdanninga blir rekna som høgare utdanning i studielandet.
I somme land er korkje det første eller det andre året i utdanninga på nivå med norsk høgare utdanning. Det vil derfor ikkje lenger bli gitt støtte til utdanning på bachelornivå i Nepal og på Filippinane frå og med 2005-2006.
Kva for land gjeld dette?
Sjå liste over land der det ikkje kan bli gitt støtte til det første året av bachelorgraden (i tillegg kan land som enno ikkje er vurderte fordi det ikkje finst norske studentar der, komme med på lista).
GSU-lista (krav til generell studiekompetanse for søkjarar med utanlandsk utdanning) gir ei fullstendig oversikt over dei landa der det første året i utdanninga ikkje tilsvarer norsk høgare utdanning. Den blir oppdatert av NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga).
Kven gjeld dette for?
Nye studentar som begynner i ei utdanning på bachelornivå i eitt av dei aktuelle landa i 2005-2006, vil ikkje få støtte til det første året. Studentar som er i gang med ei utdanning på bachelornivå i 2004-2005, blir ikkje råka av dette.
Les meir om godkjenning av utanlandsk utdanning i Noreg på www.nokut.no