Katastrofen i Sørøst-Asia – spørsmål om studielån
Lånekassen har oppretta eit eige telefonnummer som pårørande eller andre som katastrofen vedkjem, kan bruke.
Dersom pårørande eller andre involverte ønskjer å snakke med nokon i Lånekassen om sletting av studielån ved dødsfall, utsetjing av tilbakebetaling, rentefritak på grunn av sjukdom eller andre spørsmål om studielån, har vi oppretta eit spesielt telefonnummer. Her kan du nå saksbehandlarar frå kl. 08.00 til 15.45.
Telefonnummeret er 70 06 98 80.