Femårsrenta på studielån ned – treårsrenta stabil
Fem års fastrente på studielån går ned frå 4,3 til 4,1 prosent frå 1. april 2005, medan tre års fastrente står uendra på 3,7 prosent.
Den flytande renta er 2,8 prosent frå 1. april. Prognosen tyder på at ho vil gå opp til 3,0 prosent frå 1. juli 2005, dersom rentenivået held seg på dagens nivå ut mars månad.
-Den flytande renta frå 1. juli vil bli fastsett om lag 1. april, opplyser informasjonssjef i Lånekassen, Wenche Merli. Kundane bør derfor vente til etter denne datoen før dei bestemmer seg, fordi dei då vil ha eit betre grunnlag for å velje mellom fast og flytande rente.
Det er rundt 200 000 kundar som no har sjansen til å velje fast rente.
-Kundane må først og fremst vurdere sin eigen økonomi når dei skal velje mellom fast og flytande rente. Fast rente er ein måte å sikre seg mot auka renteutgifter på, seier Merli.
Søknadsfristen er 10. april 2005. Dei som ikkje aktivt vel fast rente innan fristen, får flytande rente frå 1. april.