Den flytande renta framleis låg og stabil

Den flytande renta blir 2,8 prosent frå 1. oktober 2005. Renta ligg dermed på same nivå som frå 1. juli. Vi må over 50 år tilbake i tid for å finne ein tilsvarande gunstig periode for den nominelle renta.

Lånekassen sine tilbakebetalerar kan glede seg over at den flytende renta har halde seg stabilt under tre prosent sidan 1. oktober i fjor. Vi må tilbake til begynninga av 50-tallet, då Lånekassen var nystarta, for å finne ein tilsvarande lang periode med så lavt rentenivå.

Fastrenta frå 1. juli er 3,8 prosent for tre år og 4,2 for fem år. I overkant av 200 000 kundar kan no binde renta. Fristen for å søke om fast rente for neste periode er 10. juli.
I begynninga av september går Lånekassen ut med det neste fastrentetilbodet.

Følgjer marknaden

- Renta i Lånekassen følgjer renteutviklinga i marknaden, men vi har eit tidsetterslep på den flytande renta. Endringar i renta hos oss kjem alltid tre til seks månader etter privatbankane, seier Wenche Merli, informasjonssjef i Lånekassen.

Rentenivået framover blir bestemt av rentenivået på statsobligasjonar. Den faste renta fangar opp endringar i marknaden raskare enn den flytende rent gjer, noko som skuldast måten renta i Lånekassen fastsetjast på.

Lånekassen gir ikkje råd

Lånekassen kan ikkje gi råd i valet mellom flytande eller fast rente. Kundane må sjølv vurdere dette ut i frå sin eigen økonomiske situasjon. Den største fordelen med fast rente er at den gir betre muligheiter til å planlegge langsiktig og at ein unngår overraskingar i privatøkonomien.

Dei som ønskjer fast rente, kan søke via Dine sider på Lånekassens nettstad eller Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfristen er 10. juli 2005.
Dei som ikkje søker om fast rente innan fristen, får automatisk flytande rente.