Renta på studielån går opp frå nyttår
Den flytande renta blir 3,1 prosent frå 1. januar 2006. Dette er ein oppgang på 0,3 prosentpoeng frå 1. oktober 2005. Det er over eitt år sidan den flytande renta på studielån var over 3 prosent.
Fastrenta frå 1. oktober er 3,8 prosent for tre år og 4,1 for fem år. Fristen for å søkje om fast rente for neste periode er 10. oktober. I begynninga av desember går Lånekassen ut med det neste fastrentetilbodet.
Følgjer marknaden
- Renta i Lånekassen følgjer renteutviklinga i marknaden, men vi har eit tidsetterslep på den flytande renta. Renteendringar hos oss kjem alltid tre til seks månader etter privatbankane, seier Wenche Merli, informasjonssjef i Lånekassen.
Rentenivået framover blir bestemt av rentenivået på statsobligasjonar. Den faste renta fangar opp endringar i marknaden raskare enn den flytende renta gjer, noko som skuldast måten renta i Lånekassen fastsetjast på.
Fordelar og ulemper
Fordelane med fast rente er at du kan planleggje langsiktig og at du unngår overraskingar i privatøkonomien. Ulempa er at du ikkje får glede av ein eventuell rentenedgang i marknaden.
Dei som ønskjer fast rente, kan søkje via Dine sider eller Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfristen er 10. oktober 2005.
Dei som ikkje søkjer om fast rente innan fristen, beheld automatisk flytende rente.
Les meir om fast og flytande rente