Kor mykje kan du få til delstudium?

Til delstudium som varer meir enn fire veker kan du få

  • basisstøtte (8 290 kroner i stipend og lån per månad)
  • reisetillegg til ei reise tur-retur frå Noreg til studiestaden ved opphald på under seks månader og til to reiser tur-retur ved opphald på seks månader eller meir. Reisetillegget blir gitt som 70 prosent stipend og 30 prosent lån
  • skolepengestøtte (opptil 104 120 kroner per år til utdanning utanfor Norden). Skolepengestøtta er stipend og lån til heil eller delvis dekning av skolepengar/kursavgift. Dei første 53 240 kronene blir gitt med 70 prosent som stipend og 30 prosent som lån. Støtte utover dette blir gitt som lån, opptil ei grense på maksimalt 104 120 kroner

Til kurs som varer under fire veker (bare ved dei norske studiesentra i York, Kiel, Caen og St. Petersburg, og dei norske institutta i Aten og Roma) kan du få

  • basisstøtte (stipend og lån) som om du studerer i Noreg
  • reiselån til éin reise tur-retur
  • lån til skolepengar

Språkstipend

Tek du delstudium i eit ikkje-engelskspråkleg land, kan du få 15 270 kroner i språkstipend til eit førebuande språkkurs. Du kan ikkje få språkstipend dersom undervisningsspråket er engelsk. Språkkurset må vare i minst fire veker og ha minst 15 undervisningstimar per veke. Er det ei språkutdanning du er i gang med i Noreg, får du ikkje språkstipend.
Det er eit vilkår at språkkurset takast i forkant av delstudiet, og at du er teken opp i utdanninga.

Ytingar frå andre

Dersom ytingar frå andre skal dekkje skolepengar, blir skolepengestøtta frå Lånekassen redusert krone mot krone. Utgangspunktet for reduksjonen er det beløpet du faktisk må betale i skolepengar. Stipend frå andre som skal dekkje utgifter til språkkurs blir trekt frå beløpet som kan bli gitt i språkstipend.