Slik søkjer du
Bruk nettsøknaden. Det er enkelt og trygt, og du får svar raskare.
Du må leggje ved stadfesting frå den norske lærestaden din som viser
- kva studieprogram du tek i Noreg
- kva for lærestad i utlandet du skal studere ved, eventuelt stadfesting på opptak
- at opphaldet er ein godkjent del av utdanninga du har begynt på
- kor mange studiepoeng du får godkjent
- varigheita av opphaldet (frå-til-datoar)
Skal du betale skolepengar, må du leggje ved dokumentasjon frå lærestaden i utlandet som syner kor mykje du skal betale i skolepengar. Får du ytlingar frå andre som er meint å dekkje skolepengar, må du leggje ved stadfesting som viser beløpet.
Du kan bruke blankett D.
Språkstipend
Du må leggje ved stadfesting frå språkskolen som viser
- Varigheita av språkkurset (frå-til-datoar)
- Antall undervisningstimar per uke
Du må leggje ved stadfesting frå lærestaden i utlandet på når sjølve fagstudiet byrjar, og hva språk det vert undervist på. Får du stipend frå andre som er meint å dekkje utgifter til språkkurs, må du leggje ved stadfesting som viser beløpet.
Svar på søknaden
Dersom du får støtte, sender vi deg eit gjeldsbrev. Du må skrive under og returnere det til oss. Når vi har motteke gjeldsbrevet, blir pengane ført over til den norske bankkontoen din. Du kan også signere gjeldsbrevet elektronisk. Det er enkelt og raskare enn å bruke papirgjeldsbrev.
Les meir om utbetaling.