Fastrenta på studielån går opp

Fastrenta på studielån går opp etter nyttår. Frå 1. januar går fastrenta ved tre års bindingstid opp med 0,5 prosentpoeng frå 3,8 til 4,3 prosent. Renta ved fem års bindingstid går opp med 0,5 prosentpoeng frå 4,1 til 4,6 prosent.

Rundt 200 000 av Lånekassen sine kundar har no moglegheita til å binde renta.

Fastrenta har vore låg og stabil i heile 2005. Med oppgangen i dag er fastrenta på studielån no på det høgaste nivået sidan 1. januar 2004.

Den flytande renta frå 1. januar er 3,1 prosent. Dersom dagens rentenivå held seg ut desember, tyder prognosane på at den kjem til å stige med 0,2 prosentpoeng til 3,3 prosent frå 1. april 2006. Den flytande renta blir bestemt første veka i januar 2006. Det kan difor vere lurt å vente med å binde renta til den flytande renta er bestemt, for å få et betre grunnlag for valet.

Kundane må sjølv ta valet

– Kundane må sjølv ta valet mellom fast og flytande rente, seier informasjonssjef i Lånekassen, Wenche Merli. Ho legg til at kundane først og fremst må vurdere sin eigen økonomi. – Fordelen med fast rente er at den gir moglegheita til å planleggje sin personlege økonomi. Ulempa er å gå glipp av eventuelle rentenedgangar.

Søknadsfristar

Dei som vil ha fast rente, kan søkje via Dine sider på www.lanekassen.no eller via Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfrist er 10. januar 2006. Dei som ikkje aktivt vel fast rente innan fristen, beheld flytende rente frå 1. januar.