Renta på studielån går opp
Den flytande renta blir 3,3 prosent frå 1. april 2006. Dette er ein oppgang på 0,2 prosentpoeng frå 1. januar 2006.
Etter ein stabil periode under 3 prosent, har renta på studielån gått opp med 0,5 prosentpoeng sidan 1. oktober 2005.
Fastrenta frå 1. januar er 4,3 prosent for tre år og 4,6 prosent for fem år. Fristen for å søkje om fast rente for neste periode er 10. januar. Kundar i Lånekassen som har flytende rente, har moglegheit til å velje fast rente.
Følgjer marknaden
- Renta i Lånekassen følgjer renteutviklinga i marknaden, men vi har eit tidsetterslep på den flytande renta. Renteendringar hos oss kjem alltid tre til seks månader etter privatbankane, seier Wenche Merli, informasjonssjef i Lånekassen.
Rentenivået framover blir bestemt av rentenivået på statsobligasjonar. Den faste renta fangar opp endringar i marknaden raskare enn den flytende renta gjer, noe som skuldast måten renta i Lånekassen fastsetjast på.
Fordelar og ulemper
Fordelane med fast rente er at du kan planleggje langsiktig, og at du unngår overraskingar i privatøkonomien. Ulempa er at du ikkje får glede av ein eventuell rentenedgang i marknaden.
Dei som ønskjer fast rente, kan søkje via Dine sider på eller Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfristen er 10. januar.
De som ikkje søkjer om fast rente innan fristen, beheld automatisk flytande rente.
Sjå ei oversikt over rentesatsane i Lånekassen