Elektronisk årsoppgave til 130 000 kundar

Lånekassen tilbyr no årsoppgåva over Internett. Over 130 000 kundar har sagt at dei ønskjer å kommunisere elektronisk med Lånekassen.

Direktøren i Lånekassen, Bertil Tiusanen, er godt nøgd med at Lånekassen stadig utvidar det elektroniske tilbodet mot sine over 700 000 kundar, men kunne tenkje seg fleire e-kundar.

– Det er no muleg å ha eit heilt papirlaust forhold til Lånekassen. Kundane kan både søkje og signere over Internett, få viktige meldingar på e-post og SMS og sjå kontobevegelsar og anna informasjon på www.lanekassen.no.

– Dette er god kundeservice, seier Tiusanen. Elektroniske kanalar gjer livet enklare for kundane våre og elektronisk årsoppgave er enda eit skritt i riktig retning. Det er dessutan store gevinstar for miljøet ved å velje elektroniske kanalar.

Han oppmoder difor flest mogeleg til å bli e-kunde i Lånekassen. – Du kan når som helst gå inn på Dine sider på www.lanekassen.no og velje elektronisk kommunikasjon med Lånekassen, understrekjer mannen som er ansvarleg for å fornye Lånekassen.

Den elektroniske årsoppgåva blir lagt ut på nettportalen Altinn – same sted som du leverer sjølvmeldinga. All informasjonen om årsoppgåva finn du på www.lanekassen.no. Altinn er ein sikker portal der offentlege etatar kan leggje ut brev og dokument til innbyggjarane.