Forvalting av Statens petroleumsfond 4. kvartal 1998

1. Mandat for forvaltinga

Rapportforside

Noregs Bank forvaltar Petroleumsfondet i samsvar med forskrift fastsett av Finansdepartementet 3. oktober 1997. Forskrifta er å finne i Nasjonalbudsjettet 1998.

I forskrifta vert området som Petroleumsfondet kan investere i, avgrensa til 21 land. I samsvar med forskrifta har Finansdepartementet bestemt ein referanseportefølje for Petroleumsfondet. Referanseporteføljen er sett saman av spesifiserte indeksar for aksjar og obligasjonar i dei 21 landa. Aksjar utgjer 40 prosent av referanseporteføljen. Referanse-porteføljen er utgangspunktet for risikostyringa av Petroleumsfondet og grunnlaget for resultatmålinga av den forvaltinga Noregs Bank gjer. Den øvste grensa for kva marknadsrisiko Petroleumsfondet kan ha i høve til referanseporteføljen, er 1,5 prosentpoeng forventa relativ volatilitet. Målingar av grensa for marknadsrisiko er baserte på daglege utrekningar i risikostyringssystemet BARRA.

Relativ volatilitet vert definert i kapittel 6. I kvartalsrapporten for første kvartal 1998 vart referanseporteføljen og grensa for marknadsrisiko grundig omtala. Desse omgrepa er også omtala i Petroleumsfondet sin årsrapport for 1998.

Referanseporteføljen vart gradvis teken i bruk frå 1. januar 1998 etter ein plan for opptrapping som var bestemt av Finansdepartementet. Referanseporteføljen galdt fullstendig frå 1. juni 1998 då §§ 5 og 6 i forskrifta frå Finansdepartementet tok til å gjelde. I samsvar med § 5 skal porteføljen ha 50-70 prosent renteberande instrument og 30-50 prosent eigenkapitalinstrument. § 6 i forskrifta seier at 40-60 prosent av porteføljen skal vere investert i Europa, 20-40 prosent i Amerika og 10-30 prosent i Asia og Oseania.

Frå og med 30. juni i 1998 gjekk ein over frå årlege til kvartalsvise overføringar til Petroleumsfondet. I fjerde kvartal skjedde overføringa 30. november slik at det vart gjort unntak frå prinsippet om overføring i slutten av kvartalet. Årsavslutting av rekneskapen og innføring av euro ville krevje mykje tid og ressursar ved årsskiftet. Etter råd frå Noregs Bank valde difor Finansdepartementet å framskunde overføringa med ein månad. Den 30. november vart 11 milliardar kroner overført til Petroleumsfondet. Totalt for 1998 har det vorte overført 32,8 milliardar kroner.


Norges Bank, Bankplassen 2, Postboks 1179 Sentrum, 0107 Oslo, Norway, Telefon +47 22 31 60 00, Telefaks +47 22 41 31 05, e-post: investment.management@moa.norges-bank.no

Norges Bank, Bankplassen 2, PB 1179 Sentrum, 0107 Oslo, tlf (+47) 22 31 60 00
Sist oppdatert 25.01.2000