Forvalting av Statens petroleumsfond 4. kvartal 1998

3. Forvaltingen av Petroleumsfondet i fjerde kvartal 1998

Rapportforside

3.1. Målsetting med forvaltinga

I retningslinene frå Finansdepartementet heiter det at den faktiske porteføljen kan avvike frå referanseporteføljen med maksimalt 1,50 prosentpoeng forventa relativ volatilitet3. Ramma for relativ volatilitet gjev høve til avvik mellom den faktiske porteføljen og referanseporteføljen. Ei kostnadseffektiv forvalting av Petroleumsfondet gjer at det ikkje er føremålstenleg å byggje opp ein portefølje som er heilt lik referanseporteføljen. Ein kan også sjå på ramma for relativ volatilitet som ein kvote for kva risiko ein kan ta for å få meiravkasting i høve til referanseporteføljen.

Noregs Bank har i fjerde kvartal i liten grad nytta ramma for å ta risiko då ein framleis er i ein fase der forvaltinga vert bygd opp. Noregs Bank har prioritert å byggje kompetanse og system som sikrar styring av risiko, noko som må vere på plass før ein tek i bruk aktiv forvalting. Eit viktig arbeid i 1998 har vore å velje eksterne forvaltarar som skal forvalte delar av aksjeporteføljen aktivt. Slik forvalting vart sett i verk heilt på slutten av 1998, men får først full effekt frå 1999.

3.2 Operativ gjennomføring

Obligasjonsporteføljen vert i hovudsak forvalta av Noregs Bank Kapitalforvalting. Mindre enn ein prosent av porteføljen, svarande til om lag 790 millionar norske kroner, er forvalta eksternt av ABN AMRO Asset Management. I september lyste ein ut aktive mandat for renteforvalting der svarfristen var 7. oktober. Arbeidet med å velje ut forvaltarar vil skje i første halvdel av 1999, og forvaltarane vil få midlar å forvalte i andre halvdel av året.

Obligasjonsporteføljen er plassert i statsgjeld utferda av dei landa som Finansdepartementet har godkjent for slike plasseringar og i obligasjonar som er utferda av selskap med implisitt eller eksplisitt statsgaranti eller av internasjonale organisasjonar. Finansdepartementet har òg godkjent investeringar i privatåtte selskap med høg kredittvurdering. Noregs Bank har fram til no ikkje nytta høvet til å investere i slike obligasjonar då ein ynskjer å først utarbeide tilstrekkelege retningsliner og å innføre system for oppfølging av denne type risiko.

I fjerde kvartal har Noregs Bank Kapitalforvalting valt ut forvaltarar til aktive aksjemandat. Capital International Ltd, Gartmore Investment Ltd, Mercury Asset Management Ltd og Storebrand har fått europeiske mandat og Fidelity har fått eit mandat i Stillehavsområdet. Capital International, Mercury Asset Management og Gartmore Investment har fått midlar å forvalte i fjerde kvartal.

Den 30. november vart 11,0 milliardar kroner i form av kontantar og verdipapir overførte frå valutareservane til Petroleumsfondet.

I samband med overføringa av midlar til Petroleumsfondet ved månadsskiftet september/oktober, vart ein aktiv posisjon teken ved å undervekte aksjar generelt. I tillegg førte ein vidare posisjonen frå tredje kvartal med å undervekte japanske statsobligasjonar kombinert med å overvekte amerikanske statsobligasjonar. Gjennom fjerde kvartal følgde ein nøye opp posisjonane og endra desse basert på marknadsutviklinga og økonomiske nyhende. Aksjemarknadene utvikla seg positivt gjennom kvartalet, noko som førte til at ein reduserte undervektinga i aksjar.

Også i fjerde kvartal har ein investert i obligasjonar med kredittrisiko i høve til statsobligasjonar utferda i eigen valuta. Referanseporteføljen er sett saman av statsobligasjonar utferda i eigen valuta slik at investeringar i obligasjonar med kredittrisiko må reknast som ein aktiv posisjon.

I samband med innføringa av euro valte ein å overvekte tyske obligasjonar med ei tilsvarande undervekting i franske obligasjonar. Denne posisjonen verka marginalt inn på avkastinga og volatiliteten til Petroleumsfondet.

Noregs Bank følgjer opp dei eksternt forvalta porteføljane dagleg basert på informasjon som elektronisk vert overført frå den globale depotbanken for eksterne forvaltarar, Chase Manhattan Bank. Dei internt forvalta porteføljane vert følgde opp tilsvarande ved hjelp av informasjon frå Noregs Bank sitt eige oppgjers- og rekneskapssystem. Informasjon om både interne og eksterne porteføljar vert overført til risikostyringssystemet BARRA der ein reknar ut den totale risikoeksponeringa og avvik frå referanseporteføljen.

I samband med innføringa av euro ved årsskiftet, vart ei omfattande teknisk konvertering gjennomført. Dei fleste obligasjonane som var denominerte i dei valutaene som skulle verte ein del av eurosona, måtte konverterast og redenominerast.


3Jamfør nærere forklaring under punkt 6.1


Norges Bank, Bankplassen 2, Postboks 1179 Sentrum, 0107 Oslo, Norway, Telefon +47 22 31 60 00, Telefaks +47 22 41 31 05, e-post: investment.management@moa.norges-bank.no

Norges Bank, Bankplassen 2, PB 1179 Sentrum, 0107 Oslo, tlf (+47) 22 31 60 00
Sist oppdatert 25.01.2000