Forvalting av Statens petroleumsfond 4. kvartal 1998

6. Risikoeksponering

Rapportforside

6.1 Utvikling i relativ volatilitet

Finansdepartementet nyttar risikomålet forventa relativ volatilitet for å styre marknadsrisikoen til Petroleumsfondet. Relativ volatilitet er definert som forventa verdi av standardavviket til differansen mellom avkastinga på dei faktiske investeringane og avkastinga på referanseporteføljen. Når avvika frå referanseporteføljen er avgrensa ved å setje ei øvre grense for relativ volatilitet, kan ein litt forenkla seie at den faktiske avkastinga vil variere innan eit band rundt avkastinga på referanseporteføljen. Dess lågare ein set grensa for relativ volatilitet, dess meir snevert vil bandet bli.

Figur 3: Relativ volatilitet på dagleg basis i fjerde kvartal (målt i basispunkt)

Figur 3 viser utviklinga i relativ volatilitet frå utgangen av september til utgangen av desember. Noregs Bank har i liten grad har utnytta ramma for relativ volatilitet i fjerde kvartal. Dei lyse symbola viser relativ volatilitet ved utgangen av tredje og fjerde kvartal (NB! Den eine manglar ) målt mot referanseporteføljen det komande kvartalet i tillegg til relativ volatilitet ved rebalanseringa 1. desember. Etter tilføring av nye midlar den 30. november var den relative volatiliteten 18 basispunkt målt mot referanseporteføljen for desember.

I byrjinga av oktober låg den relative volatiliteten mellom 40 og 50 basispunkt, noko som i stor grad reflekterer dei aktive posisjonane med ei undervekting av aksjar generelt i tillegg til ei undervekting av japanske statsobligasjonar kombinert med ei overvekting i amerikanske statsobligasjonar.

Figur 4 viser korleis Petroleumsfondet 31.12.1998 var delt mellom dei ulike marknadene og aktivaklassane: 50,1 prosent av porteføljen er investert i Europa, 29,9 prosent i Nord-Amerika og 20,1 prosent i Asia og Oseania8.

Figur 4: Marknads- og aktivafordeling 31. desember 1998 (del av porteføljen i prosent)

Figur 5 viser avviket i prosentpoeng mellom januar1999-referanseportefølja si fordeling på land- og aktivaklasse (marknadseksponering) og den faktiske portefølja si fordeling per 31. desember9.

Figur 5: Avvik (i prosentpoeng) mellom den faktiske porteføljen 31. desember 1998 og referanseporteføljen

Det store avviket for obligasjonar i den europeiske rekne- og valutaeininga (ECU) skyldast at denne valutaen forsvann frå referanseporteføljen då denne vart rebalansert 1.desember, medan ein framleis hadde obligasjonar utferda i denne valutaen fram til 31. desember. Før rebalanseringa utgjorde ECU 2 prosent av referanseporteføljen. Då ECU gjekk ut av referanseporteføljen fekk ein ei undervekting av dei europeiske valutaslaga, hovudsakleg Tyskland, Frankrike og Italia som er dei største underporteføljane. Tyskland er likevel overvekta i figuren, noko som skyldast ein arbitrasjeposisjon mellom tyske og franske papir i samband med innføringa av euro.


8Målt ved marknadseksponering som ikkje treng å summere seg til 100% av marknadsverdien til porteføljen på grunn av bruk av futures/valutaterminkontraktar. Valutaeksponeringa, som summerer seg til 100% av marknadsverdien til porteføljen, var per 31.12.98 50,1 prosent i Europa, 29,9 prosent i Nord-Amerika og 20,1 prosent i Asia og Oseania.
9Målt ved marknadseksponering som kan avvike frå valutaeksponering på grunn av bruk av futures/valutaterminkontraktar.


Norges Bank, Bankplassen 2, Postboks 1179 Sentrum, 0107 Oslo, Norway, Telefon +47 22 31 60 00, Telefaks +47 22 41 31 05, e-post: investment.management@moa.norges-bank.no

Norges Bank, Bankplassen 2, PB 1179 Sentrum, 0107 Oslo, tlf (+47) 22 31 60 00
Sist oppdatert 25.01.2000