Forvalting av Statens petroleumsfond 4. kvartal 1998
2. Marknadsutviklinga i fjerde kvartal



I tredje kvartal fall aksjekursane mykje, og i dei viktigaste marknadene for
statsobligasjonar auka prisane sterkt. Det var framleis mykje uro i dei internasjonale
finansmarknadene ved inngangen til fjerde kvartal. For å motverke ei meir alvorleg
finansiell krise og økonomisk nedkjøling sette den amerikanske
sentralbanken ned signalrenta ("Fed Funds") med 0,25 prosentpoeng den 15. oktober.
Noko overraskande skjedde rentenedsetjinga mellom to møte i den amerikanske
sentralbanken sin pengepolitiske komite. 17. november sette den amerikanske
sentralbanken renta ned endå ein gong (0,25 prosentpoeng). Sentralbankar i andre
land, mellom anna Canada, Storbritannia og Japan, kom etter med reduksjonar i sine
signalrenter. Den 3. desember senka alle sentralbankane i eurolanda, bortsett frå
Italia, styringsrentene til 3 prosent. Den italienske sentralbanken senka styringsrenta til
3,5 prosent
Sentralbankane sine rentereduksjonar gav ein oppgang i aksjemarknadene. Det
internasjonale valutafondet (IMF) gav i oktober tiltakspakkar til framveksande marknader
(i hovudsak Latin-Amerika), noko som også hadde ein positiv effekt på
aksjemarknadene. Innan utgangen av året hadde den amerikanske marknaden
kome opp att på det same høge nivået som om sommaren. Dei
europeiske aksjemarknadene tok også igjen mesteparten av den negative utviklinga
frå tredje kvartal. Gjennom kvartalet steig aksjemarknadene målte ved
Financial Times/Standard and Poor's (FT/S&P) sin verdsindeks med heile 19,2 prosent
målt i lokal valuta. Alle dei største marknadene viste oppgang; USA steig
22,3 prosent, Europa steig 19,4 prosent og Japan steig 5,4 prosent.
Salomon Smith Barney sin verdsindeks for statsobligasjonar målt i lokal valuta var
tilnærma uendra gjennom kvartalet, noko som reflekterte at aktørane i
obligasjonsmarknadene var avventande til den økonomiske utviklinga. I tredje
kvartal utvida renteskilnaden mellom innanlandske statsobligasjonar og obligasjonar med
kredittrisiko seg mykje. Viktige årsaker til den utvida renteskilnaden var den
russiske staten sine betalingsproblem og tvangslikvideringa av posisjonane til det
amerikanske investeringsselskapet Long Term Capital Management. Ved inngangen til
fjerde kvartal var renteskilnadene rekordhøge. Ved utgangen av året var
renteskilnadene framleis mykje høgre enn dei var då uroa i
finansmarknadene starta i august 1998.
Tabell 1 viser utviklinga frå september til desember i Consensus Forecast1 sin
prognose for vekst i internasjonal økonomi komande år. Prognosen for
vekst i verdsøkonomien gjekk ned frå 2,0 til 1,5 prosent. Samstundes fall
estimatet for prisauke for OECD-landa i 1999 frå 1,9 til 1,5 prosent.
Tabell 1: Consensus Forecast sine prognosar for økonomisk vekst i 1999
| i % | September 1998 | Desember 1998 |
Verda | 2,0 | 1,5 |
USA | 2,1 | 2,3 |
Vest-Europa | 2,4 | 2,0 |
Japan | 0,3 | - 0,6 |
Figur 1 viser utviklinga gjennom 1998 i FT/S&P sine aksjeindeksar for Europa, USA og
Japan. Trass i store kursfall i tredje kvartal steig indeksen for USA med nærare 30
prosent medan indeksen for Europa steig med 21,5 prosent. Aksjeindeksen for Japan fall
med nærare 8 prosent.
Figur 1: Utvikling i Financial Times/Standard & Poor's sine indeksar
for aksjekursane i nokre utvalde land/regioner (nivå 31.12.97=100)
FT/S&P sin aksjeindeks målt i lokal valuta for USA auka med 22,3 prosent i fjerde
kvartal, medan tilsvarande indeks for Europa auka med 19,4 prosent. Av dei 14
europeiske landa som Petroleumsfondet er investert i, var auken størst i Finland
med 40,4 prosent. I Asia var det varierande storleik på kursauken, til dømes
auka indeksen for Hong Kong med 29,6 prosent medan indeksen for Japan auka med 5,4
prosent.
Figur 2 viser utviklinga i renta på statsobligasjonar med 10 år til forfall i
USA, Japan og Tyskland. I fjerde kvartal steig renta frå 4,4 til 4,6 prosent i USA
og frå 0,8 til 2,0 prosent i Japan. I Tyskland låg renta nærare uendra
rundt 3,9 prosent.
Figur 2: Utviklinga i tiårsrenta på statsobligasjonar i USA,
Tyskland og Japan

Salomon Smith Barney sin indeks for amerikanske statsobligasjonar viste i fjerde kvartal
ei negativ avkasting på 0,1 prosent. Same indeks for europeiske statsobligasjonar
gav ei avkasting i fjerde kvartal på 2,6 prosent målt i lokal valuta. Det var
store skilnader mellom dei enkelte europeiske landa. Mellom anna hadde den britiske
indeksen ei avkasting på 4,5 prosent og den tyske indeksen hadde ei avkasting
på 1,7 prosent. Tilsvarande indeks for Japan fall med 5,9 prosent.
I dei fleste marknadene for statsobligasjonar vart skilnaden i avkasting mellom
statsobligasjonar og obligasjonar med lågare kredittvurdering noko redusert i
fjerde kvartal, men skilnaden var framleis stor ved utgangen av året. Skilnaden i
avkasting mellom eit statspapir og ein representativ obligasjon med kredittvurdering
BBB1 med om lag 5 år igjen av løpetida auka frå 1,13 til 1,43
prosentpoeng for amerikanske obligasjonar, men fall frå 1,73 til 1,63 prosentpoeng
for britiske obligasjonar.
1Consensus Forecast er eit selskap som publiserer gjennomsnittlege
verdiar av estimat frå leiande prognosemakarar i USA.
2BBB er lågaste kredittvurdering som er gjeve til eit lån som er rekna som "investment
grade", dvs eit lån der ein ventar at utferdar etter alt å døme er i stand til å
løyse inn att lånet. BBB1 er ei noko høgre kredittvurdering enn BBB.



Norges Bank,
Bankplassen 2,
Postboks 1179 Sentrum,
0107 Oslo,
Norway,
Telefon +47 22 31 60 00,
Telefaks +47 22 41 31 05,
e-post:
investment.management@moa.norges-bank.no