Dokumentasjon for opptak og skolepengar ved utdanning i utlandet

Dersom du søkjer om støtte til skolepengar i utlandet, må du leggje ved dokumentasjon som viser at du er teken opp på den skolen du søkjer støtte til. Dokumentasjonen må vere skriftleg på lærestaden sine offisielle papir og med stadfesting på skolepengane for heile året. I tillegg må du ha fått opptak utan vilkår, det som på engelsk kallast ”an unconditional offer”.

Du kan ettersende dokumentasjonen ved hjelp av ettersendelsesfunksjonen på nettsøknaden, pr. faks eller i posten.

Vi godtek ikkje

  • Utskrifter frå Internett
  • Vidaresendte e-postar