Slik søkjer du

Alle kan bruke nettsøknad! Dei einaste unntaka er dersom du ikkje har fylt 18 år eller tek vanleg vidaregåande opplæring. Nettsøknaden opnar i mai.

Søknadsprosessen

Begynner du utdanninga di om hausten, kan du søkje om lån og stipend for eitt skoleår (haust og vår) om gongen. Tek du ei utdanning som begynner  i vårsemesteret, kan du berre søkje for eit halvt år.

Første gong du søkjer om støtte til utdanning i utlandet

Du må sende inn ein stadfesta kopi av opptaksbeviset og stadfesting som viser at du har generell studiekompetanse i Noreg (kopi av vitnemål) som vedlegg til søknaden. Det må gå klart fram av opptaksbeviset kva fagområde og nivå du er teken opp på, og kor mykje skolepengar du skal betale. Må du sende inn annan dokumentasjon, vil du få melding om det.  

Er søknaden behandla?

Vil du vite korleis det går med behandlinga av søknaden, kan du ringje Kassafonen eller gå inn på Dine sider. Du treng PIN-koden din. Dersom du er ny kunde, får du eit velkomstbrev med PIN-koden din i posten. Har du fått støtte frå Lånekassen før, har du allereie ein PIN-kode. Har du gløymt eller mista PIN-koden din, kan du bestille ny på Dine sider.

Les meir om behandlingstid. 

Kjem pengane snart?

Når søknaden er behandla, får du eit brev med vedtaket i posten. Får du lån og stipend, inneheld brevet gjeldsbrev/stipendmelding som du sjølv må skrive under på og sende tilbake til oss. Etter dette blir pengane overførte til den norske kontoen du har valt på gjeldsbrevet/stipendmeldinga. Begynner studiet før du har fått svar frå oss, må du sjølv passe på at stipendmeldinga/gjeldsbrevet blir ettersendt til deg. 

  • Det er berre du sjølv som kan skrive under på gjeldsbrevet/ stipendmeldinga. Underskrift etter fullmakt blir ikkje godteke. Du må bruke det originale gjeldsbrevet/den originale stipendmeldinga. Kopiar/faksar blir ikkje godtekne.

Stadfesting på stipend og lån - skriv den ut sjølv

Saman med gjeldsbrevet/stipendmeldinga får du ei stadfesting/omsetjing på engelsk, tysk og fransk som viser kor mykje stipend og lån du har fått. Dersom du valde å signere elektronisk på gjeldsbrevet/stipendmeldinga, finn du ei stadfesting/omsetjing på www.lanekassen.no som du kan skrive ut.   Stadfestinga/omsetjinga er eit samandrag på engelsk, tysk og fransk som viser kva du har fått i støtte.

Les meir om utbetaling.

Fleirårig utdanning

Du må søkje om stipend og lån frå Lånekassen kvart år.