Studentar like flinke år etter år
I helga gjorde Lånekassen om lån til stipend for over 125 000 studentar i høgare og anna utdanning. Så langt har 2 322 millionar kroner blitt gjort om for undervisningsåret 2005/2006.
Etter at ordninga blei innført for fire år sidan er tendensen klar: Det er omtrent like stor prosentandel som består eksamen kvart einaste år.
Kvart år sidan ordninga blei innført har over 10 prosent ikkje fått noko omgjort etter eksamen. I tillegg er det enda 10 prosent som bare har fått omgjort delar av lånet sitt, det vil seie at dei ikkje står på alle faga dei har meldt seg opp til. Lånekassen sin statistikk viser at tala varierer med ein til to prosent for kvart år, noko som er svært stabilt.
Les omgjøringsbrevet på Internett
I samband med omgjeringen av lån til stipend lanserer Lånekassen ei elektronisk postkasse på Dine sider. Alle studentar i høgare og anna utdanning kan åpne og lese brevet om omgjering der. Postkassen gjer det enklare å holde orden på brev fra Lånekassen. Ikkje alle breva frå Lånekassen leggjast ut foreløpig, men det jobbast med å leggje ut mest muleg i postkassen.
Les meir om postkassen.
Les meir om omgjering av lån til stipend.