Fastrenta på studielånet går opp
Frå 1. april blir renta ved tre års bindingstid 5,6 prosent og for fem år 5,5 prosent. Dette er ei auke på høvesvis 0,6 og 0,4 prosentpoeng frå 1. januar.
Den flytande renta frå 1. april er 4,4 prosent. Dersom renta held seg på dagens nivå, tyder prognosane på at den går opp til 4,8 prosent frå 1. juli 2007. Den flytande renta for tredje kvartal i 2007 blir endeleg bestemt 1. april. Det kan difor vere lurt å vente til denne datoen med å bestemme seg for rentebinding eller ikkje. Då er grunnlaget for valet betre.
Lånekassen sine kundar kan søkje om fast rente kvar tredje månad. Søknadsfristen er den 10. i den månaden du søkjer fast rente frå. Når fastrenteperioden er ferdig går du automatisk over til flytande rente.
Om lag 30 000 av Lånekassen sine kundar batt renta ved søknadsfristen 10. januar. Av desse valde ca. ein tredel å binde for tre år og to tredelar fem år. Rundt 220 000 kundar kan no velje fast rente.
Dei som vil ha fast rente, kan søkje via Dine sider på eller via Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfrist er 10. april 2007. Dei som ikkje aktivt vel fast rente innan fristen, held fram med flytande rente.
Sjå fullstendig oversikt over renteutviklinga på www.lanekassen.no/rentesatser