Ein av tre nyttar eFaktura
eFaktura blir stadig meir populært blant dei som betalar studielån. I løpet av det siste året har andelen som vel eFaktura steget frå 25 til 34 prosent
Over 150 000 kundar i Lånekassen har nå valgt eFaktura i staden for papirfaktura. Det er ein tredjedel av alle som får rekning frå Lånekassen.
-Vi trur dei fleste kundane våre brukar nettbank, og derfor lett kunne gått over til eFaktura, seier Solbjørg Sørensen, leiar for kundeinformasjon i Lånekassen.
-Det kjem dei nok også til å gjera når dei oppdagar kor enkelt og greit det er. Det auka miljøfokuset dreg nok også i denne retninga. Tenk kor mykje mindre papir som blir frakta rundt hvis alle går over til eFaktura, seier Sørensen.
Vel du eFaktura, slepp du administrasjonsgebyret på 35 kroner per termin.
eFaktura bestiller du i nettbanken din.
Les meir om eFaktura