Varige betalingsproblem

Dersom du har varige betalingsproblem, kan Lånekassen vurdere å slette gjeld. Det skjer berre i situasjonar der det er klart at du korkje no eller i framtida vil kunne betale gjelda di.

Lånekassen kan delta i forhandlingar om gjeldsordning etter gjeldsordningsloven etter at namsretten har opna gjeldsforhandlingar, og i særlege tilfelle utan at slike forhandlingar er opna. Gjeld til Lånekassen blir behandla på lik linje med anna gjeld med tilsvarande sikring. Du får meir informasjon hos Lånekassen.