Slik bind du renta
Søk via Dine sider eller Kassafonen, 04545. Frå 2007 kan du og søkje via Miside på norge.no.
Du treng PIN-koden din for å søkje via Dine sider eller Kassafonen. Manglar du PIN-kode kan du lese meir her
Nyheit! No kan du og søkje om fast rente via Miside på norge.no. For å logge deg inn der, treng du kodar som står på skattekortet ditt for 2007.
Du kan også skrive ut ein blankett som du fyller ut og sender inn. Søkjer du i vanleg brev må du skrive den rentesatsen og bindingstida du vil ha (tre eller fem år).
Ønskjer du meir informasjon om fast eller flytande rente kan du lese meir her
Rentesatsar
Sjå snarveien "Renteinformasjon".
Når kan du binde renta?
Alle kundar som har flytande rente, har kvar tredje månad sjansen til å velje fast rente. Du kan altså inngå fastrenteavtale frå desse datoane: 1. januar, 1. april, 1. juli og 1. oktober.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er den 10. i den månaden du søkjer om fast rente frå.
Eksempel: Vil du ha fast rente frå 1. januar, må søknaden vere motteken i Lånekassen seinast 10. januar! Du kan søkje gjennom Dine sider og Kassafonen fram til midnatt. Sender du brev, må det vere poststempla seinast 10. januar.
Du får ikkje vite kva terminbeløpa blir med den nye rentesatsen før du får vedtaket om at fast rente er innvilga. Fastrentekalkulatoren på Dine sider kan gi deg omtrentlege terminbeløp.