Valutajustering
Når ein utanlandsk valuta blir styrkt i forhold til den norske krona, kan Lånekassen gi kompensasjon for dette ved utbetalinga av stipenddelen av skolepengestøtta og tilleggsstipendet.
Stipenda til skolepengar blir valutajusterte
For at det skal skje ei justering i undervisningsåret 2007-2008, må valutaen du betaler skolepengane dine i, ha styrkt seg med meir enn 1 prosent i forhold til den kursen Noregs Bank har per 1. april 2007.
Skjer automatisk
Du treng ikkje søkje Lånekassen om valutajustering, det skjer automatisk når pengane blir overførte til kontoen din. Overføringa er i norske kroner, og du må sjølv veksle til den aktuelle valutaen. Fordi justeringa først skjer når pengane kjem på kontoen din, vil det justerte beløpet ikkje vise på gjeldsbrevet du får tilsendt. Du vil aldri oppleve å få mindre stipend frå Lånekassen fordi den norske krona blir sterkare.
Inga valutajustering av summen du får til bu- og levekostnader
Stortinget har vedteke at alle studentar i Noreg og utlandet får den same summen for å bu og leve (8 290 kroner i månaden), og at det berre er tilleggsstipendet og stipenddelen av skolepengestøtta som kan bli valutajustert.